Undredal

Undredal Stavkyrkje

  • Undredal Stave Church
  • Undredal Stavkyrkje
  • Besøg os på Facebook

  • Send os en email

  • +47 90011515

  • Hjøllavegen 4

    Aurland, Vestland

    Se på kort

Undredal Kyrkje er ei bordkledd stavkyrkje frå 1147 - og skal vera den minste i Skandinavia som endå er i bruk.

Undredal Stavkyrkje var først bygd som kapell og bar namnet St. Nicolai Kapell.

Ljosekrona med dei fem utskorne dyrehovuda er truleg frå middelalderen.

Kyrkja har 40 sitjeplassar og er ein av dei få kyrkjene i landet der ein står inne på kyrkjegolvet og ringjer med kyrkjeklokkene. På 1600-talet vart veggene dekormåla med rankar og det tønnekvelva taket med stjerner, figurar, fabeldyr og ulike symbolske teikn.

I 1722 var det ei større ombygging av kyrkja og i 1962 vart den restaurert.

Fakta: Ei einskipa stavkyrkje. Svalegang er nemnt i 1665, men ikkje påvist. Spor i veggen visar at det har vore galleri i skipet, seinare også i tilbygget mot vest, det siste ved 1860-talet. Lysekrona med fem utskårne hjortehovuder, truleg frå middelalderen.

Kyrkja er open 15. april - 30. September
Guida omvisning i kyrkja kvar dag kl. 11:00 og 18:00

120 kroner per person

Omvising for grupper også etter avtale utanom sesongen.

[email protected]

Kilde: Visit Sognefjord AS