Bekkjarvik

Tursti til Kongsen i Bekkjarvik

  • Kongskleiva og Bekkjarvik
  • Sherpatrappene opp til Kongskleiva
  • Sherpatrappene opp til Kongskleiva
  • +47 92457236

  • Bekkjarvik

    Austevoll, Vestland

    Se på kort

Flott tursti der du startar anten frå Bekkjarvik eller Selbjørn skule til Kongsfjellet. Lett terrreng og lett stigande tur, flott utsikt på toppen.

Flott tursti frå Bekkjarvik eller Selbjørn skule til Kongsfjellet. Lett terrreng, lett stigande.

Stad

Bekkjarvik, Austevoll.

Kart


Sjå ut.no.

Start- og sluttpunkt

Bekkjarvik.

Parkering

Parkering Bekkjarvik på torget, eventuelt ved Selbjørn skule/idrettsanlegg.

Merking

Merka løype.

Gradering

Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Lengde

1,8 km.

Turomtale

Til Bekkjarvik kjem du både med båt og bil, dersom du køyrer parker du på P merka område. Følg "N" merka løype opp via Rosehagen opp til barneskulen og idrettsplassen. Her tek du av til venstre og går forbi barnehagen og vidare opp til Alvamyra byggefelt til du kjem til ein grusveg på høgre side. Følg denne stien og dei flotte sherpatrappene til Kongskleiva. Her vil du finne merkt løype i variert stigande terreng. Rettar du blikket opp kan du få auge på havørn som leikar seg i vinden. Området er og kjent for villsau.

Når du når toppen, kan du svinge nedom bua der postkassa står og skrive deg inn i manntalet.

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland