















Trolltunga Winter Hike frå Trolltunga Active er ei spektakulær guida vintervandring til Trolltunga, gjennom snødekte fjell, frosne fossar og storslått natur.
Trolltunga Winter Hike tek deg med til ein av Noregs mest ikoniske fjellformasjonar i vinterdrakt. Med snødekte fjell, stille vidder og færre folk i landskapet, får du oppleva Trolltunga på ein heilt annan måte enn i sommarsesongen.
Turen startar ved Trolltunga Active Base i Skjeggedal, der du møter guiden og resten av gruppa. Etter informasjon om turen, vêret og ei sjekk av at alle er godt førebudde, går turen vidare mot Mågelitopp. Undervegs kan det bli brukt broddar eller truger dersom forholda krev det.
Frå Mågelitopp går turen vidare gjennom vinterlandskapet mot Trolltunga. Ruta byr på både bratte parti og lettare terreng, med utsikt mot snødekte fjell, Ringedalen, bratte fjellsider og frosne fossar. Guidane deler kunnskap om lokal natur og historie undervegs, og hjelper gjerne med å finna dei beste fotostadene.
Vel framme ved Trolltunga ventar eit av dei store høgdepunkta på turen - sjølve fjellformasjonen i vinterdrakt, med Ringedalsvatnet under og Folgefonna i det fjerne. På dagar med mykje is kan det henda at det ikkje er trygt å gå heilt ut på sjølve fjellhylla, men guidane sørgjer då for alternative fotostader og ei fullverdig naturoppleving.
Returen er ofte lettare, med meir nedoverbakke og gode snøspor. Når forholda ligg til rette for det, blir siste del frå P3 til P2 gjort med rattkjelke - ein morosam og annleis avslutning på ein lang dag i fjellet.
Trolltunga Active har arrangert guida vinterturar til Trolltunga sidan 2015. Dei erfarne guidane har stor respekt for vinterfjellet, og legg vekt på trygg ferdsel, godt utstyr og kunnskap om vêr og forhold.
Dette er ei krevjande, men spektakulær vinteroppleving for deg som er i god fysisk form og ønskjer ein aktiv vinterdag i det unike landskapet Hardanger har å by på.
| Pris – Pris fra | 1 550 NOK * |
| * Pris fra |
Kilde: Destination Hardanger Fjord AS