
Sota Sæter er ei betjent turisthytte i Skjåk, ved innfallsporten til Breheimen nasjonalpark. Her bur du på eit idyllisk tun med ti bygningar, omkransa av storslått natur, og får servert gode måltid etter turar til brear og toppar som Tverrådalskyrkja og Jostedalsbreen.
Sota sæter er opphaveleg ei over 100 år gamle sæter som ligg 745 moh i Skjåk, ved sørenden av Liavatnet. I dag ei bemanna turisthytte med lange tradisjonar. Her kan du sove godt i eventyrliknande bygningar før du legg ut på tur i Breheimens villmark. Naturen rundt sætra byr på luftige toppturar og dagsturar i ulik lengde. Her får du lun atmosfære, badstu med utsikt, og matopplevingar basert på lokale råvarer – frå tre-retters middag til fem-retters på laurdagskveldar. Kjøkenet på Sota Sæter står for kulinariske opplevingar for gjestane - med stort fokus på lokal mat av god kvalitet. Sota er eit perfekt utgangspunkt for turar i Breheimen: frodige dalar, karrig høgfjell og brear gir store kontrastar. Opplev majestetisk utsikt frå Tverrådalskyrkja, 2088 m.o.h., ta med deg fiskestonga inn til eit idyllisk fjellvatn eller planlegg ein hytte-til-hytte tur. Her startar òg turar til Jostedalsbreen og Fortundalsbreen. Sota Sæter egnar seg ypperleg for friluftsglade barnefamiliar, da det inngjerda tunet skaper eit trygt og lunt miljø. Om sommaren kan ein vere heldig å treffe både kyr og geit utanfor grinda. Dersom du ynskjer å bli fleire dagar på Sota Sæter tilbyr dei både guida turar, rafting og juving. Tunet består av ti hus i klassisk gudbrandsdalsstil, med totalt 86 sengeplassar, fordelt på 2-3-manns rom, større rom og sovesal. Det er bilveg heilt fram til hytta.
Kilde: Visit Jotunheimen AS