
Slåttenuten er ein middels lang tur frå Norheimsund som på grunn av den flotte utsikta er svært populær.
Frå parkeringsplassen på Solhaug fylgjer du stien langs kraftgata/røyrgata.
Turen går jamt oppover med enkelte bratte parti. Stien og røyrgata fører deg oppover mot Krokavatnet.
Etter å ha passert røyrgata på ein treplatting ser du etter eit skilt med "Maste" på, som peikar til venstre. Følg stien til Maste.
Oppe ved antennemasta fortset stien i sørleg retning. Du ser Slåttenuten frå Maste. Det er den siste høgden med varde på, før det høgare Tørviknuten/Vesoldo masivet overtek horisonten.
Omlag halvvegs mellom Maste og Slåttenuten er det eit stykryss der ein sti frå Tindadalen mot Aksneshedla kryssar stien til Slåttenuten.
På Slåttenuten er det ein lite varde og flott utsikt mot fjord og fonn.
Retur same veg, eller legg turen innom Aksneshedla for ein litt lengre tur.
Meir informasjon: https://ut.no/turforslag/1112156333/slattenuten-fra-solhaug
Kilde: Destination Hardanger Fjord AS