Geiranger

Restaurant Fjorden

  • Varme rett på middagsbuffeten til Hotel Union Geiranger
  • Deilige fristelser på dessertbuffetern på Hotel Union Geiranger
  • Middagsbuffet servert av dyktige kokker på Hotel Union Geiranger
  • Servering på Restaurant Fjorden på Hotel Union Geiranger
  • Send os en email

  • +47 70268300

  • Geirangervegen 101

    Stranda, Møre og Romsdal

    Se på kort

Restaurant Fjorden er hovudrestauranten på Hotel Union Geiranger. Her får du servert både frukost og middag med flott utsikt over Geirangerfjorden.

Restaurant Fjorden serverer både frukost- og middagsbuffé. Restauranten har heile 450 sitteplassar, men sidan lokalet er inndelt i seksjonar, blir stemninga likevel lun og intim.

Middagsbuffé

Her finn du eit godt utval av både varme og kalde rettar. Alle rettane er laga frå grunnen av med gode kvalitetsråvarer. På den kalde bufféen finn du salatar, fisk og skaldyr, heimebakt brød, spekemat med tilbehøyr og mykje anna godt. På den varme bufféen er det noko for alle, og vi byr alltid på ein fiskerett i tillegg til ulike kjøtrettar og varmt tilbehøyr.

Konditor

Hotellet har eigen konditor, så på dessertbordet finn du flotte kaker og smakfulle dessertar.

Dronningterrassen

På varme sommardagar er det godt å sitje ute og nyte eit godt måltid eller noko forfriskande å drikke på den flotte terrassen. Her har du panoramautsikt over Geirangerfjorden og fossen som brusar rett nedanfor.

Temahelger og julebord

Gjennom hausten og vinteren har hotellet iblant temahelger på bufféen, mellom anna italiensk helg, sjømathelg og mat- og vinhelg. I helgene før jul (november og desember) byr vi på eit stort og flott julebord med både tradisjonsrike rettar og nye og spennande smakar.

Kilde: Ålesund & Sunnmøre