




Parkanlegg med leikeplass, grillplass, offentlege utandørs toalett og ladestasjon for elektriske bilar.
Norsk Fjordsenter ligg flott plassert på ei lita høgde over fjorden. Det er lett å kome seg hit med bil og buss, og det er ein fin tur å gå opp hit langs elva og fossane frå fjorden.
Fossevandringa er ei oppleving same kva årstid du kjem – det friske vatnet i elva og dei flotte trappene får det til å bruse i blodet. Videre finn du eit fint tilrettelagt uteområde med bålplass og leikeplass for barna. Her er natursti, du kan lage byggverk med hesjestaur, eller kanskje har du lyst å prøve deg på «Kubb» eller andre utespel?
Her er og utandørs toalett som er opne heile døgnet i sommarhalvåret. På parkeringsplassen finn du ein ladepark for el-bilar med ei rekke ladepunkt.
Kilde: Ålesund & Sunnmøre