





terrassen på Nutheim Gjestgiveri
nutheim gjestgiveri



Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie. Kunsten står i høgsetet hjå oss. Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår. Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen. Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerer like mykje til sjelefred som til nye djerve tankar. Saman med fellesskapet forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i norsk kunsthistorie. Nutheim er den dag i dag ein arena for kunst og kultur. Med jamne mellomrom held me arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar, og dersom kursgjester eller andre har ynskje om kulturinnslag kan me ty til eit breitt utval av dyktige kunstnara
nutheim gjestgiveri

Nutheim gjestgiveri om våren
nutheim gjestgiveri
Som gamal skysstasjon og hotell har me tatt imot gjester og vegfarande til gode måltid og triveleg overnatting i over 100 år. Maten er laga frå botn av på lokale råverer.
- Hele året
Kilde: Vest Telemark