
Alt i ein fjord
Nordfjord (eller Nordfjorden) er den nordlegaste av dei tre store fjordane i Sogn og Fjordane. Den er den sjette lengste fjorden i Norge, med sine 106 km. Fjorden går frå Husevågøy i vest til Loen lengst inn i landet. Fjorden gir navnet til regionen Nordfjord, som innbefattar kommunane Bremanger, Vågsøy, Eid, Gloppen og Stryn i direkte tilknytning til fjorden, samt Selje i nordvest og Hornindal som ligg i aust, ved det store, djupe Hornindalsvatnet (den djupaste innsjøen i Europa, 514 m). Nordfjorden vert kryssa av tre fergestrekningar: 1.Anda - Lote, som en del av E39, ved munningen av Gloppefjorden. 2.Stårheim - Isane, ved munningen av Eidsfjorden. 3.Måløy - Oldeide gir forbindelse mellom Vågsøy og Bremanger ytterst i Nordfjord.
Kilde: Nordfjord