




Myrdal gård ligg 250 m.o.h. på øya Tysnes i Sunnhordland, sør for Bergen. Dei tilbyr pizza med eigenprodusert og prisbelønna ost - vel verd eit besøk!
I butikken kan du kjøpa den prisvinnande osten, iskrem, yoghurt, forskjellige bakevarer, steinovnsbakt pizza med ingrediensar og medalje-ost frå garden – i tillegg til mykje meir lokal mat. Du kan nyte pizza i den koselige låve-restauranten ved sida av pizzaovnen, i den solfylte hagestova med utsikt mot fjell på Tysnes, ute på terrassen på den komfortable loungesofaen eller på piknik-bord midt ute på bakken. Atmosfæren er uformell og vennlig med fokus på god stemning og god mat.
Jasper og Nynke van Schaik tok over garden då dei flytta hit frå Nederland i 2013. Den berømte nederlandske ostetradisjonen kombinerer dei med utsøkte lokale råvarer. Myrdal Gård har et lite ysteri der det produserast forskjellige ostar av både ku- og geitemelk. Entusiastiske osteelskarar i ysteriet sørger for at ingrediensane held ypperste kvalitet og blir behandla etter dei strengaste hygieniske krava. Ostane blir modna ved perfekt temperatur og luftfuktighet for å få fram heile smakspotensialet. Ulike Myrdal-ostar har fått fleire medaljar i VM dei siste åra.
Myrdal ost blir seld i utvalgte daglegvarebutikkar og spesialbutikkar i heile Norge.
Du kan også kjøpe osten i gårdsbutikken på Myrdal. Gårdsbutikken er open i vår- og sommarsesongen.
2. - 3. mai kl. 12:00-18:00
9. - 10. mai kl. 12:00-18:00
14. - 15. og 16. mai kl. 12:00-18:00 (17. mai stengt)
23. - 24. og 25. mai kl. 12:00-18:00
30. - 31. mai kl. 12:00-18:00
6. - 7. juni kl. 12:00-18:00
13. - 14. juni kl 12:00-18:00
Ope onsdag - søndag kl. 12:00-18:00 (fredagar og laurdagar ope til kl kl. 20:00)
22. - 23. august kl. 12:00-18:00
29. - 30. august kl 12:00-18:00
5. - 6. september kl. 12:00-18:00
12. - 13. september kl. 12:00-18:00
19. - 20. september kl. 12:00-18:00
26. - 27. september kl. 12:00-18:00
Frå Myrdal Gård starter sherpastien opp til det høgaste fjellet på Tysnes: Tysnessåto, som ligg 753moh. Turen til toppen tar ca. 2 timar, og Myrdal Gårdsbutikk er ein fin stad å starte turen, ein enno bedre stad å kvile etter turen, men også ein bra stad å vere og sjå på dei som tar turen.
Etter avtale er det mulig å få omvisning i ysteriet og på garden. Eventuelt i kombinasjon med ostesmaking og eit måltid i gardsbutikken. Ta kontakt for meir info.
Aktuell informasjon om opningstider finn du på websida eller Facebook-sida til Myrdal Gård.
Det tar 10 minuttar å kjøre frå ferjekaien i Våge, der det går ferje mellom Tysnes og Os, sør for Bergen. Viss du kjem frå aust, kjører du over Lukksund bru til Tysnes. Frå E39 på Stord kan du ta ferje frå Jektevik til Hodnanes på Tysnes. Frå Hodnanes til Myrdal gård tar det ca 35 min å kjøre.
Kilde: Region Sunnhordland