Lom

Memurubu turisthytte

Bestil
  • Send os en email

  • +47 46016100

  • Memurubu

    Lom, Innlandet

    Se på kort

Memurubu er ei betjent privat turisthytte i Lom. Hytta er idyllisk plassert under Besseggen - ved fjellvatnet Gjende, og er den mest naturlege startstaden for turar over Besseggen.

Memurubu vart oppført i 1872 og har i århundrer vore ein populær utfartsstad for både dyr og folk. Den vakre og skjerma plasseringa ved utløpet av elva Muru, midt på Gjende, gjer Memurubu til ei perfekt base for å utforske Jotunheimen og mange av dei mest kjende fjellturane i området I dag er Memurubu ei moderne turisthytte med 150 sengeplassar fordelt på rom med høg standard, og er eit naturleg start- eller endepunkt for den ikoniske turen over Besseggen. Her får du treretters middag i fjellrestauranten, frukost og niste til turen. Hytta er også ein del av Høgruta i Jotunheimen, og eit perfekt utgangspunkt for turar til Surtningssue, Besshø og Bukkelægret. Sjøl om du ikkje bur på turisthytta, er du hjerteleg velkomen innom kafeen med kalde og varme drikker, vafler, snacks og smårettar. Sesong: Vinter (mars–april) og sommar (juni–september). Tilkomst sommar: Med Gjendebåten frå Gjendesheim eller Gjendebu. Tilkomst vinter: På ski over Gjende frå Gjendesheim, eller med scootertransport.

Kilde: Visit Jotunheimen AS