Tysnes

Mandelhuset

Bestil
  • Uteservering på Mandelhuset
  • Mandelhuset på Tysnes
  • Besøg os på Facebook

  • Besøg os på Instagram

  • Send os en email

  • +47 53 43 21 00

  • Hegglandsvegen 4

    Tysnes, Vestland

    Se på kort

Miljøcertificerede udbydere

Miljøcertificering af private og offentlige virksomheder, herunder turisme.

Ein destinasjon på Tysnes! Restauranten Mandelhuset ligg i sjøkanten. Her er fokus på råvarene og gode matopplevingar!

Kva står på menyen hos Mandelhuset?

Her kan du bestille a la carte, med både forrett, hovudrett og dessert i tillegg til eigen barnemeny. Menyen er basert på norske råvarer der maten er laga med kunnskap og omtanke.

Menyen blir endra 4 gonger i året, i tillegg til at dei har ein eigen selskapsmeny som kan bestillast på førespurnad.

Kva er historien til Mandelhuset?

Som ei kvit perle, rett ved sjøkanten i Våge, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare ein landhandel og kai for fjordbåtane. No har staden blitt omgjort til ein lun og koselig restaurant der kjøkenet brukar norske råvarer til å trylla fram gode matopplevingar for deg og dine.

Drifta på Mandelhuset har dagens eigere hatt sida 2005, men Mandelhuset oppstod i 1995 då landhandelen la ned i 1994 etter å vore i drift sidan 1923. Vertskapet seier det slik: "Vår oppgåve er å vera ein god restaurant og møteplass på Tysnes, me skal gjera vårt for at Tysnes er ein god plass å bu og besøka."

Her er det også mogleg å arrangere selskap, møte, kurs eller for catering, så det er berre å ta kontakt.

Kva er opningstidene til Mandelhuset?

Opningstider for kjøkenet (restaurant) er
Torsdag: 15:00 - 19:00
Fredag: 15:00 - 21:00 (bar til 23:00)
Laurdag: 13:00 - 21:00 (bar til 23:00)
Sundag: 13:00 - 19:00

I sommarsesongen (frå midten av juni til midten av august) er det ope kvar dag.

Sjå også nettsida deira for meir informasjon om kva som skjer av arrangement og anna på Mandelhuset!

Kilde: Region Sunnhordland