Tyssedal

Lilletopp - Kraftmuseet

Bestil
  • Utsikt over Lilletopp og Sørfjorden frå høgda, med dramatiske fjell og vakker norsk natur.
  • To turgåarar på veg opp til Lilletopp, med spektakulær utsikt over fjorden og fjella.
  • Flyfoto av Lilletopp, med dei bratte fjellsidene og det ikoniske rørsystemet ned mot fjorden.
  • Dei imponerande rørledningane frå Lilletopp, ein viktig del av vasskrafta i Hardanger.
  • Rørleidningar frå kraftverket strekkjer seg ned mot Odda, omgjeve av vakker norsk natur.
  • Lilletopp og kraftverket sett frå fjorden, eit historisk symbol på norsk ingeniørkunst.
  • Send os en email

  • +47 53 65 00 50

  • Skjeggedalsvegen

    Ullensvang, Vestland

    Se på kort

Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.

Ta ein kort topptur med makelaus utsikt i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal ligg herleg til mellom dei to nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her kan du sitte på kanten av berget og sjå utover det praktfulle fjordlandskapet i Sørfjorden. Det som gjev turen det vesle ekstra, er det freda kraftanlegget med voktarbolig på Lilletopp og rallaren sitt rike inni fjellet.



Om turen (ca. 45 minutt éin veg)

Parkering ved Tyssohallen på P1. På Kraftmuseet ved fjorden får du P-billett for 3 timars korttidsparkering ved kjøp av inngangsbillett til museet. Du går femten minutt på veg, før du tek stien ein halv time over skarv og i trapper i historiske omgjevnader. Utsikta er fantastisk heile vegen, og du går heile tida tett på kulturminne som fortel om det visjonære arbeidet med å skaffa elektrisk kraft tidleg på 1900-talet.



Bruk gode tursko og ta med drikke til to- og firbeinte. Det er ikkje drikkevatn verken langs stien eller på toppen. Merk at det heller ikkje er toalett på toppen.



Parkering

Sving innom Kraftmuseet på kaien i Tyssedal for å hente parkeringsbillett. Parkeringa er ved Tyssohallen i øvre del av Tyssedal.


  • Hele året
Pris – Fra pris80 NOK *
Pris – Per dag150 NOK *
* Pris fra

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS