Kviteseid

Kviteseid gamle kyrkje

  • Kviteseid gamle steinkyrkje
  • Interiør, alter Kviteseid gamle kyrkje
  • Kviteseid gamle kyrkje i naturskjønne omgjevnader
  • Interiør, Kviteseid gamle steinkyrkje
  • Kviteseid gamle steinkyrkje med gravstøtter
  • Kviteseid gamle steinkyrkje
  • Kviteseid gamle stienkyrkje
  • Send os en email

  • +47 35 06 90 90

  • Kviteseid Bygdetun

    Kviteseid, Telemark

    Se på kort

Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a. takmåleri av den dansk-norske kongerekkea.

Kviteseid gamle kyrkje ligg ved sida av Kviteseid bygdetun, på ei vakker slette ned mot Kviteseidvatnet og Telemarkskanalen.



Kviteseid gamle kyrkje er ei hovudkyrkje i stein frå slutten av 1100-talet som er vigsla til St. Olav. Taket er dekorert i 20 felt av den kjende målaren Thomas Blix(ius) i 1714.



Kyrkja har framleis sitt opprinnelege inngangsparti med ein utskåren treboge over døra som visar to dragar samanfiltra i evig strid. Kyrkja er omgjeve av ein særs stemningsfull liten kyrkjegard.



Dei første norske steinkyrkjene blei bygd på 1100-talet, noko som er seint samanlikna med resten av Europa. Noreg hadde korkje handverkarar eller kunnskap om å bygge slike bygningar, og var avhengig av ekspertise utanfrå.

I Telemark blei det bygd 17 steinkyrkjer i mellomalderen. Åtte av desse er anten heilt eller delvis intakte. I øvre Telemark blei det bygd steinkyrkjer berre i Seljord og Kviteseid.



Omvising i Kviteseid gamle kyrkje er mogleg i sommersesongen, i opningstida til Kviteseid bygdetun.



Elles på bestilling via Vest-Telemark museum (e-post: [email protected])


Kilde: Vest Telemark