










Bli med på ei reise tilbake til ei tid då stein var gull. Kvernsteinsparken i Hyllestad tek deg inn i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia.
I Kvernsteinsparken kan du oppdage ein av dei fyrste store industriane i Noreg. I Hyllestad vart det hogd ut kvernsteinar heilt attende til 700-talet – berre med handmakt! Kvernsteinane vart eksportet til andre land i Europa. Det var ei viktig eksportvare på den tid det var uråd å få kverna kornet utan ein kvernstein! Kvernsteinsbrota representerer landets største kulturminne frå viktingtid og mellomalder.
Ein tur gjennom steinbrotslandskapet er ei fascinerande oppleving, fylt med historie og handverkstradisjonar. Ein perfekt dag med læring, utforsking og undring!
Steinhoggarløypa (skilta formidlingsløype)
Mal ditt eige korn med ei handkvern.
Prøv deg som steinhoggar
Steik brød over bålet.
Prøv steinarbeid med kleberstein.
Vandre ein tur gjennom Trollstien med dei minste
Parken er ope og bemanna i sommarsesongen. Meir detaljer kjem etterkvart.
Omvising for grupper: Eiga omvising for grupper kan tingast på førehand. Kontakt Kvernsteinsparken [email protected], eller sjå nettsida for meir informasjon.
I sommarsesongen kan du nyte kaffi og sveler ved bålet. I musuemsbutikken kan du kjøpe eit utval
Nedre del av parken inkludert parkering og bygningar ligg relativt flatt, og er knytt saman med grusvegar. Delar av steinhoggarløypa og Storehuset er og tilgjengeleg for rørslehemma. Det er ikkje universielt utforma toalett i parken.
Parken ligg sentralt i Hyllestad kommune. Innkøyring til eigen parkeringsplass via Hyllestadvegen 406.
Kvernsteinsparken er ein av i alt 26 nøkkelstadar for Kystpilgrimsleia, som startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Er du nysgjerrig og vil vite meir om Kystpilgrimsleia, så besøk nettsida deira.
Kilde: Visit FjordKysten