



Fem år med gode smakar, lange kveldar og latter rundt borda. No er gjengen bak Urt & Ugras klare for neste kapittel: Kråko Spiseri
Dette er stad der alt dei har lært – yrkesstoltheita, matgleda og kjærleiken til lokale råvarer, får nytt liv ved sjøen. Her får gjestane kjenna smaken av kysten, frå nyfanga sjøkreps til vedfyrt lam. Her kan ein stikka innom for ein lun lunsj, ein lang middag eller berre eit smil over eit glas ved brygga. Eit levande møtepunkt mellom tradisjon og nyskaping, akkurat slik dei sjølve likar det.
Kråko Spiseri ligg ved sjøkanten i Kråko, på Fitjar. Det er enkel tilgang både frå land og sjø. Her kjem du lett fram med bil, og det er gode parkeringsmoglegheiter i området. Gjestane kan òg ankomme med båt og leggja til ved brygga rett utanfor spiseriet.
Kråko Spiseri held sesongope.
Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland