Lom

Fossheim hotell

Bestil
  • Send os en email

  • +47 61219500

  • Bergomsvegen 32

    Lom, Innlandet

    Se på kort

Miljøcertificerede udbydere

Miljøcertificering af private og offentlige virksomheder, herunder turisme.

ecoLighthouse logo

eco-lighthouse.org

Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom. Sidan 1897 har det familiedrevne hotellet i hjarta av Jotunheimen teke i mot gjester med godt vertskap og lokalmat.

Her kan du overnatte i ei roleg, heimekosleg atmosfære- på hotellrom eller meir privat i hytte. Hotellvert og vinkjennar Svein Garmo er tredje generasjons eigar på Fossheim Hotell. Saman med dottera Heidrun driv dei familiehotellet vidare. Vertskapet ynskjer at å koma hit skal vera som å koma heim til dei. Dei er opptekne av å halde tradisjonar ved like, og er stolte av kulturarven sin, både når det gjeld byggeskikk, anna handverk og ikkje minst maten. I spisesalen kan du nyte både norsk tradisjonskost og gastronomiske måltid tufta på lokale råvarar med inspirasjon frå både nære og fjerne strøk. Hotellet har fellesareal til fri bruk, som peisestugu, møterom og bibliotek. Fossheim og Lom er eit ypperleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen, som Galdhøpiggen, Besseggen, sommarski, topptur og vandring. Frå dørhella finn du mange oppmerka turstigar i nærområdet til hotellet. Fossheim hotell, Lom og Jotunheimen er ein naturleg stoppestad når du skal frå aust til vest, anten over Sognefjellet Fv55, Valdresflya Fv51 eller Strynefjellet Rv15.

Kilde: Visit Jotunheimen AS