Lærdal

Fiske-/jakt informasjon - Lærdal

  • Fiske i Lærdal
  • Fiske i Lærdal
  • Lærdalsdalen
  • Besøg os på Facebook

  • Besøg os på Instagram

  • Send os en email

  • Fv271 102

    Lærdal, Vestland

    Se på kort

Vilt og vakkert i Sogn - Lærdalselvi blir ofte kalla "Dronninga blant lakseelvar".

Dronningnamnet kjem nok av at at Kong Harald fiska i elvi frå han vart 14 år gamal og både Kongen og Dronning Sonja har vore faste gjester i dei fleste åra det har vore fiske i elvi.

FJORDFISKE: Det er fritt fiske i fjorden. ELV - LÆRDALSELVI: Laksefiske i Lærdalselvi blir leigd ut av dei enkelte elveeigarane, sjå www.laerdalselvi.no for info. Aurefiske i øvste delen (Borgundselvi). Pris frå ca. kr. 100 pr dag, sjå orretensrike.no/topp-orretfiske/borgundselva/ for meir info.

FJELLVATN OG JAKT: Lærdal fjellstyre tilbyr flott, lett tilgjengeleg aurefiske i kring 50 vatn (prisar frå kr. 100 pr. dag) og rypejakt i Lærdal statsalmenning. Fjellstyret leiger også ut hjortejakt i nokre terreng. Sjå www.laerdalfjellstyre.com for meir info.

Fiskekort kan mellom anna kjøpast på www.inatur.no

Kilde: Visit Sognefjord AS