Bygland

Fånefjell- tur-retur 3,5 km

  • Besøg website

  • Send os en email

  • 90781105

Fånefjell - Starten går frå parkeringsplassen om lag 400 meter sør for  Fånefjellstunnelen på riksveg 9.

Starten går frå den sørlege opninga av Fånefjellstunnelen på riksveg 9.



Frå parkeringsplassen kan ein følgje den gamle vegen opp Kattedalen. Frå toppen av vegen går det ein sti over fjellet til ein rasteplass med god utsikt. Det er også mogeleg å fylgje vegen vidare, og ned att på nordsida, men den gamle halvtunnelen rundt fjellet er stengt på grunn av rasfare, og tunnelen er farleg for fotfolk. Difor må ein gå attende same veg.



Køyrevegen over fjellet er frå rundt 1840, halvtunnelen frå 1923 og tunnelen frå 1963. Tak tid til å sjå deg rundt. Heile området har ei særs rik flora.





Lengde: 3,5 km tur-retur



Stigning: 150 meter



Tidsbruk: 2-3 timar



Vanskegrad:



Enkel veg opp lia, sti vidare til rasteplass/utsiktspunkt


  • Sommer
  • Forår

Kilde: Setesdal