Lom

Bøverdalen veksthågå

  • Send os en email

  • 482 30 428

  • Kvålsvegen 12

    Lom, Innlandet

    Se på kort

Bøverdalen Veksthågå er ein liten marknadshage i Lom som dyrkar kortreiste og usprøytte grønsaker og snittblomar for sal lokalt. I sesong er grønsakene tilgjengelege for sal via lokalmatbutikken Smak i Lom, og periodevis gjennom sjølvbetjeningsbu.

Bøverdalen Veksthågå leverer òg varer til lokale bedrifter og restauranter.

Marknadshagen hadde sitt fyrste produksjonsår i 2022 - på eit areal kor det har vore dreve kjøkenhage gjennom fleire generasjoner, både til sjølvberging og til sal. Ingvild Visdal Aukrust er dagleg leiar, og sjølv oppvakse på garden, Sygard Aukrust.

Bøverdalen Veksthågå dyrkar grønsaker på friland og aler opp alle plantene sjølve. Målet er å levere lokale råvarer av høg kvalitet, og ikkje minst bidra til å auke lokal matproduksjon. Å dyrke mange ulike sorter er ein del av det å drive markedshage. Noko av det som blir dyrka er sukkererter, salat, gulrot, kålrot, blomkål, squash og lauk, samt mykje meir!

Bøverdalen Veksthågå nyttar ikkje sprøytemidlar og kunstgjødsel på grønsakene sine, og nyttar i all hovudsak norskproduserte frø, og aler opp småplanter sjølve.

Bøverdalen veksthågå dyrkar snittblomar til levering lokalt, samt blomsterbinderi til bryllup.

Sjølvbetjeningsbu:
Om sommaren kan du handle ferske grønsaker gjennom sjølvbetjeningsbu som er ope laurdagar i august-september. Den ligg i oppkjøringa til vegen ved marknadshagen (Kvålsvegen 12, 2686 Lom).

Kilde: Visit Jotunheimen AS