Geiranger

Bli med på fossevandring saman med ein Fjordranger

Bestil
  • Fossevandring
  • Fossevandring
  • Storfossen
  • Mektig foss
  • Deler av gammel demning
  • Fossevandring med guide
  • Union Hotel Geiranger
  • Vannrør
  • Fossevandring med guide
  • Send os en email

  • +47 70263810

  • Gjørvahaugen 35

    Stranda, Møre og Romsdal

    Se på kort

Likar du fossar, elvar, spektakulære utsiktspunkt og lokale forteljingar? Bli med ein Fjordranger på fossevandring i Geiranger!

Fossevandringa går frå Geiranger sentrum, langs Geirangerelva til Norsk Fjordsenter.

Her kjem du tett på den ville, vakre elva og får høyre historiene om korleis vasskreftene har forma verdsarvlandskapet gjennom tusenvis av år. Du får eit innblikk i korleis pionerane i bygda tidleg såg moglegheitene i vasskreftene – eit mindre kjent eventyr i forteljinga om Geiranger.

Storfossen er den største attraksjonen undervegs. Elva endrar seg for kvar sesong, og gir difor ulike opplevingar. Om våren smeltar snøen, og det vert mykje vatn i elvane. Du kan høyre korleis steinane vert rulla og flytta når elva går stri og vill. Det er enorme og farlege krefter som vi må ha stor respekt for: hald avstand! Om vinteren er alt frose, og i blåtimen kjennest det nesten trolsk å gå denne vandringa.

  • Guidede ture

Kilde: Ålesund & Sunnmøre