Seljord
Velkomen til Bjørge besøksgard ved vakre Seljordsvatnet! Her møter du eit mangfald av dyr, ekte gardsliv og gode opplevingar for heile familien – tett på naturen og tradisjonane.
Kilde: Vest Telemark





Velkomen til Bjørge besøksgard ved vakre Seljordsvatnet! Her møter du eit mangfald av dyr, ekte gardsliv og gode opplevingar for heile familien – tett på naturen og tradisjonane.
Sentralt i bygda, ved vakre Seljordsvatnet, finn du Bjørge besøksgard – ein levande gard med lange tradisjonar. Garden har vore i drift i generasjonar, og i dag ønskjer dei velkomen til familiar som vil ta ei pause frå kvardagen og oppleve nærleik til dyr, natur og ekte gardsliv.
På garden møter du eit rikt og variert dyreliv. Her kan du helse på mellom anna telemarkskyr, hestar, sauer, geiter, lama, høner, ender, påfugl, kaniner og kattar.
Telemarkskyri er garden si store stoltheit. Dette er ein sjeldan og verneverdig rase, med berre 333 avlskyr att i landet, fordelte på 98 besetningar. Heile 10 av desse finn du i fjøset på Nordigard Bjørge.
Garden har òg gamalnorsk sau (ofte kalla villsau). Sjølv om rasen vanlegvis lever ute året rundt med lite menneskekontakt, er sauene her tamme og kontaktsøkande. Saman med dei held lamaen Pia vakt over flokken.
Du vil også møte dei afrikanske geitene Salto og Bambi, samt fleire hestar – nokre av dei blir brukte til ponniridning, ein populær aktivitet for dei minste.
Når du ruslar rundt på garden, kan du oppleve påfuglar, ender og høner som spankulerer rundt, og du finn fleire kaniner som gjerne vil ha besøk.
Velkomen til gards!
Kilde: Vest Telemark