Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)

ØRSTA

TripAdvisor rating of 4

2

Ørsta Skisenter

Ørsta Skisenter ligg flott plassert i solsida av Sunnmørsalpane og passer for alle aldersgrupper. Ein del av Alpepass.

For både familiar og erfarne

Ørsta Skisenter er eigna for alle, både familiar og erfarne skikøyrarar. Det er ulike vanskegradar med alt frå frikøyring til eit eige barneområde. Senteret har ein stolheis og tre trekk som deg til dei ulike nedfartane. Her får du fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane.

Langrennsløyper

Ørsta Skisenter ligg berre ti minutt med bil frå Ørsta mot Sæbø. Her finn du også 17 km med langrennsløyper, der 5 km av dei er belyst om kvelden.

Sykling om sommaren

Senteret har òg terrengløyper for syklar, noko som kan nyttast om våren, sommaren og hausten. Syklar og skiutstyr kan leigast på skisenteret.

Servering på toppen

Kafeen på Eitrefjell ligg flott plassert 700 m.o.h. Den har plass til 75 personar og er godt utstyrt. Kafeen kan leigast til private arrangement.

Last updated: 01/29/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Ørsta Skisenter

Senest besøgte sider