Skip to main content
Unknown Component
civid: 586bfa310e794507bc2e0597
name: plugins_common_social_share (widget)

Bygland

TripAdvisor rating of 4.5

2

Årdalsknapen - tur-retur 8 km

Merka turløypa til Årdalsknapen startar ved Neset camping. Den første delen av løypa er bratt, og går i hovudsak gjennom skog. Siste delen av turen er over tregrensa, og Årdalsknapen ligg på 762 moh. Du kan gå samme vegen attende.
Turen tek ca. 4 timar.

Start
Eit godt utgangspunkt for turen er ei lita parkeringslomme ved riksveg 9, rett sør for Neset Camping. Herifra kan du fylgje gammal veg på skrå opp lia. Du kan òg gå rett opp frå campingplassen. 

Skildring av turen
Turen startar nokså utfordrande med bratt stigning, men på godt opparbeidd kjerreveg. Sjølv når vegen snevrar seg inn til ein sti, er det tydeleg at det er gjort ein del arbeid for å få gjere den lett tilgjengeleg.

Etter kvart flatar terrenget ut, men det er nokre kneiker innimellom. I byrjinga er det skogsterreng som blir meir glissent dess høgare ein kjem. På toppen er det tilnærma snaufjell.

Den siste bratte kneika er opp til platået under sjølve toppen. Vel oppe, på det 762 meter høge fjellet, finn du lune søkk i terrenget bak toppen, der du kan nyte nista og kaffen.
Tur-retur er løypa på totalt 7,8 km.

Krav til utstyr
Sidan turen går i bratt terreng og på snaufjell er det ein fordel med gode fjellsko. Elles bør ein vere generelt førebudd på at vêret kan skifte raskt.

Stien går fleire stader over opent fjell, noko som gir fin utsikt sørover og mot vestsida av dalen. Difor er fotoapparatet ein viktig del av turutstyret.

Last updated: 01/09/2024

Source: Setesdal

Årdalsknapen - tur-retur 8 km

Senest besøgte sider