Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827c15c0a2b8703a937041
name: plugins_common_social_share (widget)
Hardbakke

Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet

Bestil

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott tur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær. 

Postbåten "Stjernsund" startar turen frå Hardbakke i Solund. Herfrå går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Båtføraren guider undervegs. Her kjem ein tett på natur og dyreliv – nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!

Fiskevêret Gåsvær

Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar. Siste stopp på den ordinære postruta er det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i.

Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune. Her går du av båten, og kan utforske øyene på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling!  Vi anbefalar å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen!   

Postbåten

Postbåten går mellom Hardbakke og Bulandet, mandag til fredag i sommarsesongen

​​​​11.00 Avgang med Postbåten frå Hardbakke i Solund

12.30 Ankomst til Gåsvær

13.00 Avreise frå Gåsvær

13.45 Ankomst Nikøy kai på Bulandet

Rundtur

Det er mogleg å ta postbåten i retur frå Bulandet til Hardbakke kl. 15.30. Øyhoppingsturen eller liknande turar kan bestillast resten av året på førespurnad.   

Dagstur eller fleirdagstur

Det er mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå mellom anna Bergen, Florø og Måløy, eller ta turen over fleire dagar. For å få god tid til å nyte naturen og utforske øyriket, anbefaler vi å ta turen over fleire dagar. Det er fleire overnattingstilbod både i Solund og på Bulandet og Værlandet. Vi anbefalar å booke overnatting på førehand. Start gjerne med nokre dagar i Solund, før du tar øyhoppingsbåten til Bulandet & Værlandet og tilbringer nokre dagar her.

Godt å vite

Kle deg etter vêret, då ein kan sjå seg om utandørs på deler av turen. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.

På Gåsvær og Bulandet er det mogleg å kjøpe mat og drikke. Hugs kontantar, då det ikkje er mogleg å betale med kort på Gåsvær.

Det er mogleg å ta ein buss frå Krakhella til Hardbakke. Det går ein buss frå Krakhella 10.20 mandag - fredag som korresponderar med ekspressbåten frå Norled. Det er også mogleg å ta ein buss frå Bulandet til Værlandet. Bussen går frå Bulandet kai kl. 15.50 mandag - fredag, og kjem til Værlandet 16.15. På kringom.no finn du rutetider for buss og båt i Sogn og Fjordane. 

Det er flotte forhold for sykling mellom Bulandet og Værlandet. Joker Bulandet ligg like ved der postbåten legg til kai og her kan du leige sykkel. Vi anbefaler å reservere sykkel på førehand ved å ringe 57 73 21 44. Etter å ha sykla 11 kilometer frå Bulandet til Værlandet kan du levere sykkelen på Værlandet Handel. Du bør rekna om lag 2 timar på sykkelturen frå Bulandet til Værlandet. Om du ønskjer å ha med deg din eigen sykkel og skal reise kollektivt er det ein svært begrensa kapasitet på bussen frå Krakhella - Hardbakke. Ta kontakt med turistinformasjonen på telefonnummer 577 43 000 for meir informasjon.

Du kan lese meir om sykkel og øyhopping her. ReiseforslagDagstur frå Bergen

Det er mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå Bergen. På sommaren kan du kjøpe rundturbillett på GoFjords eller turistinformasjonen i Bergen.

08.00 - ekspressbåt frå Bergen til Krakhella

10.15 - ankomst Krakhella

10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke

11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke 

12.30 - ankomst Gåsvær

13.00 - avreise Gåsvær

13.45 - ankomst Bulandet

15.50 - avgang buss frå Bulandet

16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

17.40 - ekspressbåt frå Askvoll

20.45 - ankomst Bergen

Dagstur frå Selje

Reiser du frå Selje, Måløy, Smørhamn, Florø eller Askvoll kjøper du delbilettar undervegs på turen.

06.50 - ekspressbåt frå Selje

07.20 - ekspressbåt frå Måløy

08.05 - ekspressbåt frå Smørhamn (Bremanger)

08.35 - ekspressbåt frå Florø

09.15 - ekspressbåt frå Askvoll

09.50 - ankomst Krakhella

10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke

11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke

12.30 - ankomst Gåsvær

13.00 - avreise Gåsvær

13.45 - ankomst Bulandet

15.50 - avgang buss frå Bulandet

16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

19.05 - ekspressbåt frå Askvoll

19.55 - ankomst Florø

20.20 - ankomst Smørhamn

21.10 - ankomst Måløy

21.40 - ankomst Selje

Dagstur frå Sogn

Reiser du frå Sogn kjøper du delbilettar undervegs på turen.

07.05 - avreise Sogndal

07.30 - avreise Leikanger

07.50 - avreise Balestrand

08.05 - avreise Vik

08.50 - avreise Nordeide

09.20 - avreise Lavik

09.40 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til nordgåande ekspressbåt

09.50 - avreise ekspressbåt frå Rysjedalsvika

10.15 - ankomst Krakhella i Solund

10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke

11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke

13.45 - ankomst Bulandet

15.50 - avgang buss frå Bulandet

16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll

17.40 - ekspressbåt frå Askvoll

18.35 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til sognebåten

19.00 - ankomst Lavik

19.30 - ankomst Nordeide

20.10 - ankomst Vik

20.30 - ankomst Balestrand

20.50 - ankomst Leikanger

21.20 - ankomst Sogndal

Kilde: Visit FjordKysten

0

Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet

Bestil

Senest besøgte sider