Vi ynskjer å reindyrke den norske, kortreiste maten på Visnes Hotel.
Med Arvid som jeger har vi tilgang til mykje godt viltkjøtt. I tillegg hentar vi fisk og skaldyr frå kysten, og nyttar våre lokale leverandørar. Marit har, med sin bakgrunn frå Vinmonopolet, god kunnskap om vin. Ho er utdanna frå Wine Education Trust sitt program «Exploring Wine and Spirits» og har den internasjonale WSET-eksamen.
Marit vil bruke sin kompetanse på Visnes Hotel, og er ofte å finne i restauranten. Dersom du ynskjer eigne opplegg med vinsmaking for vennegjengen eller bedrifta sin sommarfest, så ta kontakt.
Sommaren 2026 set vi opp meny med norsk mat, basert på råvarer av mellom anna kvit fisk frå kysten, fjellaure og storfekjøtt frå vår lokale leverandør.
Temakveldar med vin og 5-retters meny blir arrangert i restauranten med jamne mellomrom. Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon.
Vi ynskjer også gjester som ikkje bur på hotellet velkommen til vår sommarrestaurant! Det er best om du då bestiller bord.
Last modified: 16.03.2026
Kilde: Nordfjord




























































