Mistur vart starta av Espen Bakketeig og Andre Raunehaug i 2004, seinare kom fleire til, og i 2026 består Mistur av Espen Bakketeig - tangentar og vokal, Andre Raunehaug - gitar, Stian Bakketeig - gitar , Bjarte Breilid - Bass, Oliver Øien - Vokal og Tomas Myklebust - Trommer og vokal. I tillegg har dei sidan 2025 hatt med seg den originale vokalisten, Odne Røyrvik.
Sidan starten i 2004 har Mistur gitt ut demoen Skoddefjellet i 2005 samt albuma «Attende» i 2009 og «In Memoriam» i 2016.
10 år etter forrige speling i Bergen kjem dei Attende.
I desember 2025 var det 20 år sidan Cor Scorpii gav ut den kritikarroste debutdemoen Attergangar. Sidan då har bandet gitt ut to fullengdarar; Monument (2007) og Ruin (2017), begge på det bergenske plateselskapet Dark Essence.
Cor Scorpii vart forma i kjølvatnet av den tragiske bortgangen til Terje "Valfar" Bakken og oppløysinga av Sogndalsbandet Windir i 2004. Med røter i same musikalske og kulturelle landskap fører bandet vidare delar av arven, samstundes som dei har utvikla eit eige uttrykk innan sjangeren som har fått namnet Sognametal.
I 2026 er det 10 år sidan bandet sist spelte i Bergen og det er no endeleg på tide å kome tilbake!
Doors: 21:00
Konsertstart 21:30
Last modified: 31.01.2026
Kilde: Visit Bergen
Se hvad der er i nærheden
Aktive Studenters Forening // Mistur + Cor Scorpii





























































