Tysnesfest
- +47 90528038
-
12. juli 2023 - 16. juli 2023
- (5 Upcoming Dates)
Tysnesfest er ein familievenleg musikkfestival på idylliske Tysnes ein times tid sør for Bergen. Når ein går av ferja i Våge er ein midt i smørauga av Døds Challenge, Ta Sjansen, Klovnar, tivoli og marknadsdagar.
Hovudarenaen for konserter er ved skulen, ca 10 minutter å gå fra ferjekaien.
Korleis komme seg til Våge på Tysnes?
Reis med offentleg transport:
Frå Bergen tar du bussen til Halhjem. Derifrå går ferja over til Våge. Då er du midt i festivalområdet.
Det er også satt opp hurtigbåt frå/til Bergen sentrum til/frå Våge. Båten går innom Kleppestø og Hufthamar på vegen.
I tillegg er det satt opp Hurtigbåt frå Skånevik, Sunde, Rosendal, Bekkjarvik, Hufthammar, Leivik, Rubbestadneset, Fitjar og frå Os.
Rutetider finn du her: tysnesfest.no/hurtigbat/ (PS: Hurtigbåtane pleier bli fulle, så bestill billett i god tid.)
Med bil:
Følg E39 sørover frå Bergen til Halhjem fergekai og ta ferja over til Våge. Parker på festivalparkering på Windsor. Me anbefaler då å kjøyre tilbake til Bergen via Lukksundbrua og Eikelandsosen. Me anbefalar alle å reisa kollektivt, for å holda trafikken i Våge på et minimum.
Artistar:
I 2022 kom blandt anna Ronan Keating, Chris Holsten, Kjartan Lauritzen, CC Cowboys, Staysman, Halva Priset, TIX, Synne Vo og mange fleir! Artistar for 2023 vert publisert fortløpande.
Overnatting:
Båthavn:
Her kan du legge til kai i båthavna midt i sentrum av Våge, like ved fergekaien. Båtplassen kostar 650 kr for heile festivalperioden inkl. kaptein. Overnattingsgjester i båten kostar 500 kr per person (for heile festivalperioden onsdag - sundag).
Les meir her: tysnesfest.no/informasjon/
Camping:
På Camp Tysnesfest opnar det onsdag i festivalveka. Du må ha festivalpass for å bu på campingen og det går festivalbuss til og fra campingen til festivalområdet. Campingen brukar å vera populær, så bestill i god tid.
Les meir her: tysnesfest.no/camping/
- Last Updated: 26/07/2022
- Source: Visit Bergen
ons d. 12. juli 2023
tor d. 13. juli 2023
fre d. 14. juli 2023
lør d. 15. juli 2023
søn d. 16. juli 2023
Tysnesfest
- 12. juli 2023 - 16. juli 2023
- What's Nearby